Hopp til innhold

Lunt og funksjonelt baderom

Ei totalrenovering gir moglegheita til å tenkje nytt både når det kjem til funksjon, materialval og uttrykk. I dette prosjektet er to rom forvandla til eit moderne og funksjonelt bad.

Innreiinga frå Linn Bad tilfører både varme og karakter til rommet.

Ei lun og roleg ramme

Badet har fått eit stilfullt og behageleg uttrykk med mørkare veggar kombinert med lysare fliser på golvet. Dei store flisene frå Vikingbad gir eit heilskapleg preg og skapar ei lun ramme rundt rommet, samtidig som dei er praktiske og slitesterke i bruk.

På veggane er det nytta Fibo baderomsplater. Dette gir ikkje berre eit stilreint uttrykk, men er også ei svært vedlikehaldsvenleg løysing.

Smarte løysingar i dusjsone

Dusjområdet er utforma med fokus på både estetikk og funksjon. Her er det vald designsluk som gir eit reint og minimalistisk uttrykk. Dusjveggane frå INR er tilpassa rommet og inkluderer praktisk, innebygd oppbevaring. Ei smart løysing når ein har Fibo utan moglegheit for innebygt nisje.

Eit bad tilpassa kvardagen

Målet har vore å skape eit bad som fungerer godt både i bruk og visuelt. Resultatet er eit moderne rom der gode materialval, smarte løysingar og gjennomtenkt design gir ein stad ein trivst i og har glede av kvar dag.

Ei totalrenovering gir mange moglegheiter og dette badet er eit godt døme på korleis riktige val kan forvandle eit rom til noko både tidlaust og funksjonelt.

Vi takkar kunden så mykje for oppdraget og tilliten!

Drøymer du om nytt bad? Ta kontakt med oss!