Om Tecno VVS AS
    I studioet er veggane dekte med vareprøvar slik at ein kan sjå og kjenna på. Samstundes kan du som kunde få hjelp til å teikna ditt eige bad på ein stor skjerm.
Datamaskina som skjermen er kopla til, kan også laga ei digital teikning av badet, slik at ein får sjå korleis ulike produkt og fargar ser ut saman.
Dersom du tek turen innom oss i butikken kan me presentere alt frå spennande designprodukt til meir tradisjonelle løysingar. Her møter du fagfolk som kan svare på det du måtte ha av spørsmål.
Me fører eit breidt utval av VVS-produkt frå mange av dei leiande leverandørane i Norge og Skandinavia. Pluss eit breidt utval av tilbehør som håndklede og anna som mjuker opp stemninga på badet.
Har du planar om å rehabilitere eit bad/våtrom, eller ynskjer du å sjå på nye moglegheiter innan varme og energi, kan me vise deg løysingar i mange ulike prisklassar og utførelsar. Ein prat med ein av våre baderomsdesignarar kan ofte spare deg for både tid og pengar- og inspirere deg til å sjå nye moglegheiter.
Velkomen innom til baderomsdesignararane våre i Sandvenhagen!